Samhandling

Det blir stadig viktigare å jobba saman mot felles mål

Ein aktiv, sosial og inkludert befolkning er viktig for god folkehelse og livskvalitet. Sjølve bærebjelken i velferdssamfunnet er at alle bidrar med sine ressursar og kompetanse inn i lokalsamfunnet. I Friskus har vi derfor sidan 2017 jobba med å samle innbyggarar, frivillige organisasjonar/lag og kommunen på èin plass. 

1. Kom i dialog med lag og foreiningar 

Forsking frå Senter for forskning på sivilsamfunn og frivillig sektor viser at ein av dei mest sentrale hindringane for samarbeid på tvers av kommunar er koordinering av aktivitetar.

Gjennom samhandlingsplattforma Friskus.com gjer vi det enkelt å halde kontakten med frivillige lag og foreiningar i din kommune, samt forenklar intern kommunikasjon i din organisasjon.

Vi tilbyr direkte kontakt med lag og foreiningar i Friskus.com, samt enkel og digital eksportering av kontaktinformasjon. Hald oversikt over kontaktpersonar ved hjelp av eit enkelt tastetrykk!

2. Inviter til workshop og demo

Få innsikt i kva som er viktig for dine lag og foreininger, knytt kontakt og oppdag kva som skjer i din kommune. Tett kontakt mellom kommune og frivillig sektor er avgjerande for å lukkast med samhandling. 

Vi hjelper lag og foreiningar i gang med å bruka rekruttering- og organiseringsverktøyet i workshops, slik at kalenderen kjapt blir fylt med aktivitetar og frivilligheit for alle. 

Inviter på pizza, bli kjent med kva som skjer i ditt nærområde, så gjer vi resten!

3. Gje innbyggarane lett tilgang til sosiale fellesskap

Tett samarbeid mellom kommunen og frivillig sektor kjem innbyggarane til gode. Det blir lettare å sjå kva som skjer i nærleiken, og gjer terskelen lågare for deltaking i sosiale fellesskap. 

Frivillige lag og organisasjonar kan enkelt rekruttera frivillige, kommunisera med medlemar og synleggjera sine arrangement. Slik kan fleire delta på det som er kjekt i sitt nærmiljø. 

LEI AV Å LEITE? 

Kom i gang med Friskus.com i dag.

UTVIKLINGSPROSJEKT 2017-2020

Vi har sidan 2017 samarbeida med kommunar, frivillige organisasjonar og andre for å skapa ein felles plattform med aktivitet og frivilligheit for alle. Idear og innspel fra områda kultur, helse, velferd, omsorg, frivilligheit, fritid, friskliv, idrett m.m. er gjort om til eit konkret verktøy. 

Friskus.com starta som eit innovasjonsprosjekt gjennom Innovasjon Norge, og saman med Voss, Førde og Naustdal kommune er produktet utvikla med både innbyggarar, lag/organisasjonar og kommunen i fokus. Desse har heile vegen vore med og testa verktøyet, for å sikra at vi ivaretek vår målsetting – å gjera det enkelt for alle og delta på meiningsfull aktivitet, og oppleve glede, tilhøyrsle og engasjement. 

Resultatet er eit unikt verktøy for samhandling, koordinering av aktivitet og lett tilgjengelege sosiale fellesskap. 

Lyst til å høyre meir om korleis vi jobbar med tverrsektorielt samarbeid? Ta kontakt med oss på post@friskus.com i dag!