Produkter

FRISKUS.COM

Samlar helse, kultur og idrett på same plass. Enkelt for deg, enkelt for innbyggarane!

  • Aktivitetskalender
  • Koordinerings- og rekrutteringsverktøy
  • Fritidskort/opplevelseskort
  • Oversikt over alle arrangører/grupper i din kommune
  • Velg sjølv tidspunkta du vil vera frivillig
  • Sertifikat/kvalifisering av frivillige 
  • Melding- og varslingssystem 
  • Medlemsregister
  • Søka jobb eller utveksling? Hent ut din aktivitets-CV!
  • Del dine aktivitetar til sosiale medier, og tips ein ven
  • ..og mykje meir!

VÅRE PRODUKTER

1. Aktivitetskalender

Det kan ofte vera vanskeleg å halde oversikt over kva tilbod som finst i nærmiljøet. Innbyggarar må leite for å finna fram til aktivitetar dei kan vera med på, lag og organisasjonar ynskjer auka synlegheit, og tilsette i kommunen brukar verdifull tid på å leite etter kva som fins i sin kommune. 

Friskus.com samlar aktivitet og frivilligheit for alle, på tvers av sektorar. Endeleg er det enkelt å sjå kva som skjer nær deg!

 

2. Koordinering- og rekrutteringsverktøy

  • Rekrutter til frivillig-oppdrag. 
  • Kommuniser med medlemar og frivillige.
  • Faste aktivtetar kan bli gjentatt automatisk.
  • Auka synlegheit. Gjer innbyggarane trygg på kven dykk er som lag, organisasjon eller foreining.
  • Automatisk medlemsregister. Du kan digitalt registrera og fornya teieplikt, politiattest m.m.
  • Statistikk over aktivitetar og påmeldte.
  • SMS-teneste kan leverast som tilleggsløysing. 

3. Fritidskort

Sosial ulikskap og eksklusjon har ringverknadar som utanforskap og depresjon. Fritidskortet er eit initiativ for å utjamne dette. 

Føremålet med fritidskortet er å sikra aktivitetstilbod til alle born og unge, uavhengig av familien sitt inntektsnivå.

Med digitalt fritidskort i friskus.com kan kommunar enkelt organisera og forvalte kortet. Det er også enkelt for alle i målgruppa å delta og bruka fritidskortet, og få ein oversikt over alle tilgjengelege aktivitetar.

…SLIK KJEM DU I GANG

Bruk av friskus.com for kommunale avdelingar, lag og organisasjonar er lisensbasert. Innbyggarar får alltid fri bruk av friskus.com. 

Våre prosjektleiarar har god erfaring og kunnskap om kommunal og frivillig organisering, og hjelper dykk med effektiv implementering og opplæring. 

Les meir om våre kurs og workshops her.

Lura du på korleis din kommune kan bruka friskus.com?

Ta kontakt med Camilla på camilla@friskus.com 
eller tlf 917 64 202.

Camilla Mjøen Lien

Prosjektleiar

…DETTE INNGÅR I LISENS

  • Fri bruk for valfritt tal kommunale avdelingar.
  • Fri bruk for alle lokallag/frivillige organisasjonar i kommunen.
  • Fri bruk for alle innbyggarar i kommunen.
  • Opplæringssamlingar for å koma enkelt i gang.
  • Verktøyskrin med marknadsføringsmateriell og kommunikasjonsstrategi.
  • Teknisk support, drift, vedlikehold og oppdateringer for eit moderne og brukervennlig verktøy.
  • Brukarstøtte etter behov og ynskje. 

Vi hjelper dykk med implementering og opplæring.  

…FÅ FRISKUS.COM SOM APP-IKON

1. Gå inn på friskus.com og trykk på det utheva ikonet.

2. Velg “Legg til på Hjem-skjermen”. 

3. Trykk på “Legg til”.

4. Voila! Du har fått friskus.com som APP-ikon!

Vil du høyra meir om våre kurs og workshops? Les meir her.