Bli arrangør på www.friskus.com!

Fyll ut og send inn organisasjonsskjema under, så lager vi gruppe til ditt lag eller organisasjon. Då kan du legge ut dykkar arrangement og frivillig-oppdrag m.m. i Friskus-kalenderen

Alle felt merket med * må fyllast ut

Har du ikkje organisasjonsnummer, sjå her:

https://www.brreg.no/lag-og-foreninger/kan-alle-fa-et-organisasjonsnummer/

Organisasjonsskjema

Korleis vil de nytta Friskus?

Skjult eller offentleg?*

Kven kan bli medlem?*

Vilkår*

4 + 14 =

Brukarvilkår for grupper i Friskus.com

Så kjekt at de vil ha eigen gruppe i Friskus.com og nytta denne til å synleggjera dykkar aktivitetstilbod i kommunen! Vi vonar de får mykje glede av Friskus.com, og ikkje ver redd for å ta kontakt og gje oss tilbakemelding om vi kan hjelpe med noko. 

Definisjon

Med gruppe meinast alle som representera gruppa og/eller handlar på vegne av gruppa.

Lag, organisasjonar og foreiningar må vera registrert i Frivilligregisteret for å kunne opprette gruppe i Friskus.com. 

Kva vilkår gjelder for gruppa? 

Alle som brukar Friskus er underlagd Brukarvilkår for Friskus og samtykkeerklæringen.

Dersom du er administrator eller koordinator for ei gruppe i Friskus gjelder vilkår skildra her i tillegg til dei vanlege brukarvilkåra.

Kommunar som har kjøpt lisens for Friskus.com kan ha eigne tilpassa retningslinjer. Sjå kommunale nettsider for å finna kontaktperson, eller send oss ein mail til friskus@friskus.com, så vil me hjelpa deg.

Mål

Vi ynskjer å lage ein plattform som bidrar til at fleire mennesker får høve til å ta del. Det er du ein avgjerande del av og vi vil gjerne gjera den oppgåva enklare for deg. Gjennom aktivitetar og oppdrag som di gruppe tilbyr, kan fleire mennesker få opplevinga av meistring og meining og livskvalitet i kvardagen.

Ikkje-kommersielt innhald

Det er eit krav til alle aktivitetar, irekna arrangement og aktivitetar blir dreven på ikkje-kommersielt grunnlag.

Døme :

Ein ungdomsklubb som arrangera ferietur som kostar 500,- pr person kan leggje dette ut i si gruppe i Friskus. Ein ungdomsklubb blir dreve ikkje-kommersielt og tar kun betaling for å få inntekter til klubben som igjen vil koma medlemane til gode.

Eit hotell som lånar ut gratis syklar i ein kampanjeperiode kan ikkje sjølv leggje dette ut – fordi dei ikkje sjølv kan ha ei gruppe i Friskus.com.

Ein kommune eller anna representativ gruppe kan leggje ut alle aktivitetar som dei meinar er eigna for sine innbyggarar under kravet om at aktiviteten ikkje skal ha eit kommersielt føremål.

Reklame

Det er ikkje tillatt å drive reklame for betalte tenester eller produktar frå kommersielle aktørar. Det er likevel tillatt å ha sponsorar og samarbeidspartnarar til arrangement som er kommersielle og dela informasjon om dette.

Døme:

Dersom de har ein sponsor til eit arrangement kan de visa fram bedriften og bruka bedriften sin logo i bileter, tekst o.l.

Bileter

Når du lastar opp eller ned bileter, ver merksam på at du overhalder opphavsretten og reglar for personvern. Sjå gjerne nettsidene til Datatilsynet om du er usikker. 

Kontakt

Gruppa kan ikkje kontakte brukarar utanfor sine medlemar uten at dette er gitt samtykke til (eksplisitt eller implisitt). Til dømes dersom ein brukar sjølv kontaktar gruppa.

Gruppa kan ikkje kontakte sine medlemar om anna enn gruppa sine aktivitetar og andre omstende som gjeld gruppa.

Sikkerheit

Gruppa via gruppa sin(e) administrator(ar) har til einkvar tid ansvar for gruppa sine sikkerheitsinnstillingar. Sikkerheitsinnstillingane styrar m.a. tilgangar i gruppa. Det vil sei, kven som har administrator tilgang og kven som har koordinator tilgang. Gruppa via administrator avgjer kva tilgangar som følgjer med dei ulike rollene.

Gruppa er ansvarleg for vedlikehaldsrutinar for kven som har tilgang til medlemsinformasjon til einkvar tid. Dette er påbode og strengt regulert i regelverket for datalagring og beskyttelse GDPR som gjelder i Noreg frå 20 juli 2018.

Friskus AS er ikkje ansvarleg for feilaktig tilgang til personinformasjon som skyldast gruppa sine sikkerheitsinnstillingar.

Kvalitetssikring

Gruppa er sjølv ansvarleg for å gjere kvalitetssikring av sine frivillige i samsvar med norsk lov og organisasjonen sine interne rutinar.

Friskus AS er ikkje ansvarleg for feilaktig bruk av Friskus.com sitt kvalitetssikringssystem (irekna naudsynt sertifikat på oppdrag).

Brot

Ved mistanke om brot på vilkår vil gruppa sin(e) administrator(ar) bli kontakta og bedt om å fjerna/endra det aktuelle innhaldet. 

Friskus AS gir seg rett til å fjerne upassande innhald og/eller innhald som er i strid med vilkår for bruk dersom varsling av brot ikkje føra fram. Gjentekne brot på vilkår kan i ytterste konsekvens føra til karantenetid av organisasjonen frå bruk av Friskus.com.

For meir informasjon kontakt:

Friskus AS

Organisasjonsnummer: 919 724 528

Idrottsvegen 14, 5705 VOSS

Email: friskus@friskus.com