fbpx

KORONAVIRUSET:

SLIK GJER DU DET ENKELT Å BIDRA – ENKELT Å ORGANISERA – OG FRIGJER MEIR TID TIL MENNESKE

Vi er alle klare til å ta del i den nasjonale dugnaden for å hindra smitte av koronaviruset. Har kommunen din behov for hjelp, til dømes med praktiske oppgåver for dei i karantene eller kartlegging av helsekompetanse i kommunen? No tilbyr vi friskus.com kostnadsfritt, og hjelper kommunar døgnet rundt med å koordinera innsatsen!

1. Legg ut frivillige oppdrag

Koordiner oppdraga som skal gjennomførast. Til dømes «Kan du kjøra heim mat til innbyggarar i karantene?», «Kan du passa born?» eller «Kan du gå tur med hund?»

2. Frivillige melder seg på

Frivillige veljer oppdraget dei ynskjer å bidra på, og du kan sjå kven som melder seg på. Få oversikt over kva oppdrag som er dekka, og kva oppdrag som framleis treng bidrag. 

3. Du har kontroll!

Få full oversikt, og samla alle som ynskjer å bidra – ein stad. Her har du all kontaktinformasjon og kan kvalitetssikra bidraga. Unngå telefonstorm og manuell koordinering. No kan du bruka tida på det som er viktig – menneska

   Høyr korleis Bjørnafjorden kommune brukar friskus.com her: 

…FÅ FRIVILLIGE OPPDRAG ENKELT TILGJENGELEG PÅ TELEFONEN!

1. Du går inn på friskus.com og trykker på det utheva ikonet.
2. Velg “Legg til på Hjem-skjermen”. 
3. Trykk på “Legg til”.
4. Voila! Du har fått friskus.com som APP-ikon og kan enkelt halde oversikt over kva frivillige oppdrag som er tilgjengeleg!

SPØRSMÅL? VI HJELPER DEG GJERNE!

Lura du på korleis din kommune kan bruka friskus.com til å løyse utfordringar under koronaviruset?

Ta kontakt med oss på post@friskus.com

Team Friskus