For kommunen

Det er mykje godt som vert skapa når me samlast og arbeidar saman om å nå mål!

Friskus.com er ein interaktiv aktivitetskalendar, med eit tverrfagleg samhandlingsverktøy for kommunar og frivillige lag og organisasjonar.

Friskus.com samlar alle aktivitetar – arrangement og frivillig-oppdrag på ein plass:

  • aktivitetsoversikt og enkel påmelding til arrangement og frivillig-oppdrag
  • gruppetilhøyrsle og oppfølgingsverktøy
  • koordinering-, kommunikasjon- og styringsverktøy

Innbyggjarar og tilsette treng ikkje lenger leite på fleire ulike plassar for å finne ut kva som skjer i nærmiljø. Dette forenklar arbeidet for svært mange tilsette. Det vert lettare for både helse, omsorg, idrett, kultur, integrering, oppvekst og frivilligheita å gjere det enkelt for alle å vera aktiv, sosial og inkludert. Alle likar ein meiningsfull og kjekk kvardag.

Friskus.com valt i Noreg som aktivitet og frivillighetsverktøy:

Friskus.com er i dag leiande leverandør i Norge av denne teknologien, og er vurdert av kundar til å vera best på kvalitet og brukarvenleik.

Unikt spleiselag!

Betydelege offentlege og private midlar er nytta frå 2017 og fram til i dag. Desse har bidrege økonomisk for å realisere bygging og implementering av Friskus.com: Innovasjon Norge, Regionalt forskningsfond Vestlandet, Husbanken, Norges forskningsråd, Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, Fylkesmannen i Akershus, KS, Voss Næringsfond, Sparebanken Vest. Investorar, mellom anna 6 investorer fra Bergen BAN. Norske kommunar frå alle landsdelar.

Tverrfagleg samarbeid vanskeleg ?

Samhandlingsverktøyet legg til rette for at kommunar og organisasjonar kan kommunisere og samarbeide ein felles stad. I dag er dette ofte tidkrevjande, tungvint og det kan vere vanskeleg å ha god oversikt. For å nå overordna målsettingar om bærekraftige og gode kommunar å bu i, med friske, sosiale og aktive innbyggarar er det avgjerande at avdelingar samhandlar i eit felles verktøy. Arranger til dømes eit arrangement saman med andre!

Kjøpe friskus.com ?

Når ein kommunen har kjøpt lisens kan alle innbyggarar, kommunale avdelingar og lokale frivillige organisasjonar bruke Friskus.com.

  • kalender og verktøy for alle lokale frivillige organisasjonar i kommunen
  • kalender og verktøy for innbyggarar
  • kalender og verktøy for kommunetilsette
  • opplæringssamlingar for å kome i gang
  • verktøyskrin
  • teknisk support, drift, vedlikehald og oppdateringar for ei kvar tid eit moderne og brukarvenleg verktøy
  • Brukarstøtte etter behov og ynskje (Team-Friskus kan leigast inn til å ta hand om implementeringa)

Lyst på meir informasjon eller eit besøk av oss i Team-Friskus?                                                             

Våre prosjektleiarar har god erfaring og kunnskap om kommunal og frivillig organisering og hjelper dykk gjerne med kreativ og effektiv implementering og opplæring.

Ta kontakt på friskus@friskus.com eller ring 412 34 621.