Ingvild Haram er konsulent/frivilligkoordinator på innbyggartorget i Brattvåg, dirigent i Haramsøy Skulekorps, og saman med leiargruppa i kommunalområdet Kultur og Medborgarskap er ho prosjektleiar for implementering av alesund.friskus.com i Ålesund kommune. Vi har tatt ein prat om frivilligheit i koronatid – og kva planar kommunen har for tida framover.

Haram fortel at Ålesund har fem frivilligsentralar, ein i kvar kommunehus – Sandøy, Haram, Ålesund, Ørskog og Skodje frivilligsentral. 

– Eg har vore med å pilotert alesund.friskus.com i gamle Haram kommune, for å prøve ut kommunikasjonsplattformen for «nye Ålesund Kommune» frå mai 2018- juni 2019. Då var eg prosjektleiar for dette. Eg har og jobba med alesund.friskus.com for Ålesund kommune når vi vart ei ny stor-kommune. Eg er «prosjektleiar» for implementeringa i Ålesund Kommune no, og jobbar elles i Innbyggartorget i Brattvåg, og som frivilligkoordinator.

Kvardagen har endra seg etter at koronaviruset braut ut, kan Haram fortelja.

– Ålesund sto på trappene til å lansera alesund.friskus.com i den store kommunen vår då korona slo til. Vi brukte då plattformen som ein «pangstart» for lanseringa og oppretta som mange andre «Koronahjelp i Ålesund». Det viser seg at svært mange er interesserte i å hjelpe. Så no er det på trappene for å lansere plattforma for ei normal verd. Det gleda eg meg til, seie ho.

Gleder seg til lansering «etter korona»

Korleis jobbar de med frivilligheit i kommunen?

 I Ålesund er det mange møter som skjer på frivilligsentralen, samt at mange stikk innom for ein prat, og dei arrangerar alt frå «mammagruppe» til kafé. Det same skjer på Ørskog Frivilligsentral. Desse to har egne lokaler der det er mange ulike aktivitetar i ein normal kvardag. Innbyggartorg i Brattvåg, Skodje og Sandøy har ikkje eigen sentral, men er saman med bibliotek og servicekontor og har tett samarbeid der. Vi får mange førespurnadar dagleg om hjelp, og det blir ei glede å få lansert ut plattforma «forbi korona» i Ålesund Kommune.

– Til vanleg er eg rundt omkring i «Gamle Haram Kommune» og møter folk heile tida. Nokre dagar må eg vere på kontoret for å gjere det naudsynte administrative arbeidet. Ellers driver eg eit prosjekt som no er på vent pga. korona, som heiter “Fole kjekt å møtast”. Dette er samarbeid med omsorgstenesta og biblioteket, og vi har møta på biblioteket. No er det stillare, og det gir meg tid til å førebu lanseringa «forbi korona», fortset ho.

Engasjerte: – Marit Elisabeth Tande var med meg å starta opp Friskus i Haram Kommune og var min samarbeidspartner der, samt i mange andre prosjekt i gamle Haram. Dyktig dame med mange gode kvalitetar, seier Haram.

Mange frivillige, få behov – heldigvis

Pågangen om å bidra har mellombels vore større enn behovet for hjelp, noko Haram er nøgd med. 

– Vi har fått mange frivillige som vil bidra i alesund.friskus.com allereie, men har lite oppdrag pr i dag. Nokre få frivillige oppdrag i samband med korona – heldigvis kan ein vel seie?

No ser dei fram til lanseringa av alesund.friskus.com slik dei hadde planlagt før korona. 

– Lansering av alesund.friskus.com er no på trappane, og vi skal ha møte for å planlegge dette. Vi har oppfordra arrangørane, som allereie har vore aktiv, om å arrangere digitalt – til dømes har det vore bamsejakt. Det har vore ymse aktivitetar som låg inne før koronatida, som sjølvsagt er avlyst eller utsett. Men har oppfordra alle lag og organisasjonar til å lage digitale møteplassar i denne tida. Sandøy frivilligsentral har og hatt teiknekonkurranse veit eg.

– Før korona satt inn vart det laga ein kommunikasjonsplan for lansering av Friskus, der vi hadde lagt inn alle datoar for både kurs og lanseringstid for både tilsette i kommunen, frivillige lag og organisasjonar og folket elles. Denne vart satt litt på vent, men no er vi i full planlegging igjen. Det er kjekt! Det var vi i «arbeidsgruppa» som den vert kalla, som arbeidde ut denne planen i samråd med ansvarleg person frå kommunikasjonsavdelinga i Ålesund Kommune. Denne arbeidsgruppa står pr. i dag av frivilligkoordinatorane i Ålesund kommune, som jobbar ved dei fem respektive Innbyggartorga i kommunen, og vi gleda oss over at det snart er klart for å sette inn nye datoar i kommunikasjonsplanen, og endeleg få lansere alesund.friskus.com slik som vi tenkte frå starten. Vi gleda oss stort til å få ein heilskapeleg aktivitetsoversikt i Ålesund Kommune, avsluttar Ingvild Haram.

Godt oppmøte på samling i Ålesund oktober 2019. Nå gleder de seg til å komme i gang etter korona.